Per Jørgensen Per Jørgensen

Norsk senior golf 17.09.2022

Mandals-lag i teten.

Damelaget toppar tabellen og Mandal 1 ligg på 2. plass. Det er status etter første dag i NSG lagmeisterskapet, 3. divisjon (uoffisielt NM), som blir spelt på Bjaavann denne helga.

 Mandal 1 og 2 i lett blanding. Frå venstre Steinar, Torbjørn, Ivar, Oddbjørn, Knut, Arnt Terje, Rune og Kjartan. (foto k lavik)

Det er fem damelag med og Mandal har teke leiinga med 5 slag. Laurdag blei det spelt fourball. Her gjekk Paula O. Pedersen og Britt Andersen saman, mens Turid Røksland og Elisabeth Thomassen var det andre paret. Damene leverte kjempespel og har nå ein god sjanse til opprykk. Det står og fell på innsatsen i singelspelet søndag. 

Mandal har to lag med i herreklassen, der i alt 18 lag er med. Mandal 1 med Knut Kvaal Pedersen/Steinar Hemsett spelte saman i fourball. Den beste scoren av dei to i fourball er teljande. Desse to karane kom inn på banens par, 72 slag. Imponerande! Rune Svennevik/Arnt Terje Udøy var ikkje stort dårlegare med sine fire slag over par. Samanlagt har laget lagt seg på 2. plass, berre eitt slag bak Kjekstad 1. 

Mandal 2 fekk det ikkje heilt til å gli med 187 slag og 12. plass. Her spelte Ivar Gulli og Oddbjørn Breland saman, med Torbjørn Røksland og Kjartan Lavik som det andre makkerparet. 

Resultatliste damer etter 1. dag.

Resultatliste herrer etter 1.dag

 777