Per Jørgensen Per Jørgensen

Norsk senior golf 08.01.2024

Vann turnering på simulator.

Raymond Tørressen og Sigmund Skårdal var best då seniorspelarar møttes til dyst på simulatorane søndag.

Raymond Tørressen og Sigmund Skårdal var best på simulator-turnering søndag. (foto k lavik)
Raymond Tørressen og Sigmund Skårdal var best på simulator-turnering søndag. (foto k lavik)
Alle premievinnarane: Torbjørn Røksland, Frank Emmerick, Raymond Tørressen, Sigmund Skårdal, Tom Berentsen og Simund Aarrestad. (foto k lavik)
Alle premievinnarane: Torbjørn Røksland, Frank Emmerick, Raymond Tørressen, Sigmund Skårdal, Tom Berentsen og Simund Aarrestad. (foto k lavik)
Raymond Tørressen og Sigmund Skårdal var best på simulator-turnering søndag. (foto k lavik) Alle premievinnarane: Torbjørn Røksland, Frank Emmerick, Raymond Tørressen, Sigmund Skårdal, Tom Berentsen og Simund Aarrestad. (foto k lavik)

Det var liv og røre i fem-seks timar då 24 spelarar over 50 år på 12 lag spelte match. Kvart lag hadde tre kampar fordelt over seks rundar. Dermed blei det pausar og rikeleg med tid til å vere sosial, hente seg ei vaffel hjå Rose kikke på dei andre laga. 

Med tre sigrar og ni poeng vann Raymond og Sigmund føre Sigmund Aarrestad/Tom Berentsen med sju. Av tre lag med seks poeng, tok Torbjørn Røksland/Frank Emmerick siste premieplass på målforskjell. 

Initiativet til turneringa kom frå Norsk Seniorgolf-gruppa i klubben. "Eksperimentet" blei godt motteke og det verka som dei fleste godt kan tenke seg fleire slike tiltak på simulatorane. Difor satsar vi på ei ny seniorturnering søndag 4. februar. Invitasjon kjem seinare.  

Kjartan


 935