Norsk senior golf 25.09.2023
Landsfinale i NSG.
Tre mandalspelarar var kvalifisert då Norsk Seniorgolf hadde Landsfinale i helga. Turid Røksland var den som gjorde det best.


Landsfinalen blei arrangert på Kongsvinger golfklubb med 114 spelarar. Det er dei som er best rangert gjennom sesongen i dei ulike klassane i NSG-systemet som får vere med.
Turid spelte strålande laurdag og overnatta på 3.-plass. Diverre gjekk det litt tråare sundag og plasseringa blei til slutt delt 5.-plass. Det er slett ikkje verst i klasse 3 med 20 i feltet.
Knut Kvaal Pedersen fekk det heilt til å gli noen av dagane i eit sterkt felt i klasse 2. Kjartan Lavik hadde ein fin laurdag med delt 3.-plass i klasse 7, men denne rapportøren ramla saman på dag to og endte som nr. 13 av 18 i klassen.
Kjartan