Per Jørgensen Per Jørgensen

Norsk senior golf 10.03.2022

Hei, gode seniorar i Mandal golfklubb!

Denne eposten går ut til dei fleste av medlemene i Mandal GK som er over 50 år eller som fyller 50 i år. Føremålet er å fortelje kort kva Norsk Seniorgolf (NSG) står for og kan tilby.

Arkivbilde fra NSG turnering i 2021 (foto per j)
Arkivbilde fra NSG turnering i 2021 (foto per j)
Arkivbilde fra NSG turnering i 2021 (foto per j)
Det er to viktige utgangspunkt for aktiviteten i NSG: Fremje aktivitet og golfglede blant oss som er blitt "vaksne". Og tilby eit rikt turneringsprogram der ein kan kvalifisere seg til landskampar og eurpameisterskap. Dei lokale lagseriane er svært populære. I tillegg er det fleire NSG-turneringar landet rundt og sjølvsagt også i Agder. Tradisjonelt er det ein NSG-turnering i Mandal i byrjinga av mai og ein midt i juni som ledd i Sørlandstour. 

NSG har også eit fordelsprogram der det viktigaste å nemne er mulighet for å spele for halv pris på svært mange banar landet rundt. Du kan finn ut meir ved å gå inn på seniorgolf.no. Der finn du også innmeldingsskjema dersom du ønsker å bli medlem. 

For dei som ikkje har vore med før, vil eg spesielt trekke fram den lokale lagserien. Mandal har pleid å stille med tre lag. Vi møter naboklubbane til matchar som er både spanande kappestrider og samtidig sosialt og med ein fin tone. Til kvar kamp stiller vi med fire spelarar og vi spelar heime- og bortekampar mot dei andre laga. Veldig gøy!

Frå Mandal stiller vi også med eit damelag og to herrelag i lag-NM. Det er alltid trivelege turar som vi har lokalt uttak for å kvalifisere seg til. 

Dersom du ønsker meir informasjon, berre ring meg på 913 29 790. Dersom du er ny medlem og ønsker å bli med på eit lag, gje meg beskjed så ordnar vi det. 

Medlemsregisteret i NSG er litt "tregt", så om du melder deg inn er det kjekt om eg eg får ei melding eller epost. 

Vel møtt til ein ny og aktiv seniorsesong!

Beste helsing Kjartan Lavik

 621