Per Jørgensen Per Jørgensen

Norsk senior golf 01.02.2021

Norsk Seniorgolf.

Hei, gode seniorar i Mandal golfklubb!

Arkivbilde av lagene i 2020 (foto k lavik)
Arkivbilde av lagene i 2020 (foto k lavik)
Arkivbilde av lagene i 2020 (foto k lavik)

Denne eposten går til dei fleste medlemene i Mandal golfklubb som er over 50 år eller rundar det store jubileet i år. Poenget er å informere litt om Norsk seniorgolf (NSG) og kva denne organisasjonen kan tilby. 

Norsk seniorgolf har 2824 medlemer, 672 av dei er kvinner. Føremålet er å spreie golfglede og aktivitet for oss over 50 år. Turneringar står sentralt. I fjor blei det arrangert 90 NSG-turneringar fordelt på 54 banar. I alt 1155 seniorar har vore med i desse turneringanene. Lagserien har omfatta 107 lag. Mandal har stilt med to lag i den lokale lagserien, der vi møter lag frå Bjaavann, Kristansand og Arendal til hyggeleg kappestrid. Det gjort endringar i oppsettet av lagserien. Meir om det litt lenger ned. Mandal stiller elles med eit damelag og to herrelag i lagmeisterskapet (NM-lag). I fjor var vi i Tønsberg og hadde mykje moro og gjorde det bra. 

NSG har elles eit fordelsprogram for medlemer der det viktigaste er spel for halv pris på 84 banar rundt om. Det er også rabatt på diverse andre saker. Du kan sjekke dette ut på seniorgolf.no.

Det har blitt tradisjon at Mandal har to seniorturneringar. I år blir dei søndag 9. mai og torsdag 24. juni. Den siste som ein del av Sørlandstour. Det ligg an til å bli 7 tuneringar i Agder i år.

Den lokale lagserien har vore populær hjå oss. Det er nå bestemt frå sentralt hald å endre inndelinga frå divisjonar til puljer. Puljene er inndelt etter handicap slik at pulja A er opp til 10,9, pulje B til 17,7 og pulje C til 36 i handicap. Endringa er begrunna med at det har vore for store skilnader i tildelte slag i matchane. For oss betyr dette at vi må droppe den geografiske inndelinga vi har hatt og heller dele oss etter handicap. I pulje A vil ein få tildelt slag etter max 10,9 i handicap, tilsvarande til 17,7 i pulje B, medan det i praksis ikkje er noen grenser i pulje C. Puljevinnarane blir invitert til landsfinale på Vestfold GK i Tønsberg. 

Eg vil gjerne ha signal tilbake om kva lag/pulje du ønsker å tilhøyre. Dersom du har spesielle ønske, sei ifrå. Dersom eg ikkje høyrer noe, blir du plassert som det fell naturleg etter hancicap og kor mange vi blir. Både Turid Røksland og eg hald fram som lagleiarar. 

Medlemslista til NSG ikkje oppdatert ennå. Difor er det hjelp for meg om du gir meg beskjed om du melder deg inn. Eller om du har vore medlem, men ikkje har tenkt å vere med i år. Dei som var medlemer i fjor og vil halde fram, treng ikkje gje beskjed. Påmeldingsfristen for lag er allereie 1. mars, så det er greit med nokså kjapp tilbakemelding. 

Innmeldingsskjema for NSG finn du på seniorgolf.no. 

Det er sjølvsagt mogleg at covid-19 kan snu opp ned på alle planar innan golfen. Vi kryssar fingrar, wedgar og woodar for at det ikkje skal skje!


Har du spørsmål, er det berre å ta kontakt! Tlf 913 29 790.


Beste helsing Kjartan Lavik, klubbkontakt for Norsk seniorgolf


 1384