Per Jørgensen Per Jørgensen

Norsk senior golf 02.04.2018

Norsk Seniorgolf

Hei, og velkomen til ny sesong - som vonleg ikkje er langt unna.

Arkivbilde fra NM for lag 2017  (foto k lavik)
Arkivbilde fra NM for lag 2017 (foto k lavik)
Arkivbilde fra NM for lag 2017  (foto k lavik)

Denne eposten går til 250 medlemer i Mandal Golfklubb som er fylt 50 år eller som rundar milepælen i løpet av året. Vi er faktisk over halvparten av medlemene....


Norsk Seniorgolf (NSG) har over 2500 medlemer. Hovudaktiviteten er å organisere turneringar landet rundt. Turneringane dannar grunnlaget for å ta ut spelarar til landskampar og EM-spel. Medlemskap kostar 800 kroner. I tillegg til rett til å spele turneringar, gir medlemskapet også halv greenfee på dei fleste banar før kl 14 på kvardagar. Det er også andre fordelar. Du kan gå til seniorgolf.no og sjekke meir om du vil. 


I Agder skal det vere ti NSG-turneringar i år. Hjå oss i Mandal er første turnering søndag 6. mai. På denne turneringa vil vi opne for at også seniorar som ikkje er NSG-medlemer får starte. Verd å merke seg er også Sørlandstour med fire spelestader 28. juni til 1. juli i Kvinesdal, Mandal, Bjaavann og Arendal.


Du kan sjekke terminlista på Golfbox om du er medlem eller NSG si heimeside. 


Den lokale lagserien er delt i to divisjonar. Mandal har hatt to lag med eit par sesongar. Denne sesongen skal båe laga våre spele i 1. divisjon. Vi spelar heime- og bortekampar mot andre klubbar. Fire spelarar frå kvar klubb i kvar match. Det er både sosialt og utfordrande. Mest av alt gøy og ikkje så høgtideleg! Det er best om vi er minst ti spelarar på kvart lag så vi kan fordele litt. 


Du kan melde deg på til meg. Har du spørsmål, ta kontakt. Dei som var med i fjor, treng berre å gje beskjed dersom ein ikkje kan i år. 


Til slutt vil eg trekke fram Senior lag-NM. Vi har hatt to herrelag med i to sesongar i 3. divisjon og hatt fine turar med mykje moro. I år er Bergen GK vald som bane 18. og 19. august. Vi har ambisjon om også å stille med damelag i år. Laga blir tekne ut etter prestasjonar tidlegare i sesongen. 


Med ønske om snarleg vår og ein knallsesong for alle!


Kjartan Lavik, klubbkontakt NSG, 913 29 790


 1467