Per Jørgensen Per Jørgensen

Norsk senior golf 14.07.2019

Norsk senior golf

Rune klar for førstelaget.

Glade vinnere Rune Svennevik og Johnny Fævelen (foto K Lavik)
Glade vinnere Rune Svennevik og Johnny Fævelen (foto K Lavik)
Glade vinnere Rune Svennevik og Johnny Fævelen (foto K Lavik)

Søndag hadde Norsk Seniorgolf-medlemene i Mandal uttaksturnering til lagmeisterskapet, 3. divisjon. Vinnaren på brutto slag ville vere sikra plass på førstelaget av dei to som Mandal skal ha med i år. 

Suveren vinnar brutto blei Rune Svennevik som hadde køllene i bruk 78 gonger i løpet av 18 hol. 

Vi konkurrerte også med nettoslag, altså at tildelte slag kjem til fråtrekk frå spelte slag. Der blei det eit rivande oppgjer mellom to special guest stars (invitert utan NSG-medlemskap), Willy Skårdal og Johnny Fævelen. Johnny avslutta siste ni knallsterkt og vann dermed føre Willy, båe med 69 slag netto.  

Brutto ble Willy nr 2 med 82 slag, føre Ivar Gulli med 83 og Arnt Terje Udøy og Oddbjørn Breland med 85 slag. Netto fekk Ivar Gulli og Karsten Skårdal delt 3. plass. 

Lagmeisterskapet blir spelt på Bjaavann 17. og 18. august. Om to veker blir laga tekne ut, så det gjeld å stå på og vise gode resultat!


 447