Alf Skagestad Alf Skagestad

Klubb Senior Norsk senior golf 17.04.2019

Litt info fra Norsk Senior Golf v/Kjartan Lavik

Det er mye spennende som skjer i regi av Norsk Senior Golf (NSG)

Nær 250 personar over 50 år er medlemer av Mandal Golfklubb. Vi veteranar er over halvparten av medlemene i MGK. 

Mange av dykk er engasjerte i seniorgruppa til klubben med fast speling på torsdagar, fellesturar og anna gøy. 

Eg er klubbkontakt for Norsk Seniorgolf og vil opplyse kort om aktiviteten som blir tilbydd gjennom den organisasjonen. NSG arrangerer rundt 140 turneringar på 70 banar landet rundt, lagserie og lagmeisterskap. Dette legg igjen pengar i dei lokale klubbane, og bidrar ikkje minst til mykje moro og forbetra helse for oss som iherdig prøver å beherske dette fantastiske spelet.

Som medlem i NSG får du tilgang til eit omfattande fordelsprogram. Du kan gå inn på seniorgolf.no og bli oppdatert. 

Lokalt har vi to lag med i lagserien. I fleire år har vi hatt lag med i NM lag, 3. divisjon. I fjor var vi eit damelag og to herrelag. Lokalt byrjar vi med turnering i Mandal allereie søndag 28. april. Her inviterer vi alle seniorar til å vere med, også dei som ikkje er med i NSG. Det kan jo vere greit å teste turneringsformen og banen før Vårsleppet klubben arrangerer 1. mai. Du kan melde deg på i Golfbox eller til meg. 

Det er i skrivande stund litt skral påmelding til 28. april. Eg vonar både NSG-medlemer og seniorar elles får lyst til å vere med!

Beste helsing Kjartan Lavik

Tlf. 913 29 790


 1530