Per Jørgensen Per Jørgensen

Norsk senior golf 18.08.2018

Lag NM norsk seniorgolf

Solid start av Mandal 1

MGK 1. lag Torbørn, Arnt Terje, Oddbjørn og Kjartan (foto k lavik)
MGK 1. lag Torbørn, Arnt Terje, Oddbjørn og Kjartan (foto k lavik)
MGK 1. lag Torbørn, Arnt Terje, Oddbjørn og Kjartan (foto k lavik)

Mandal 1 har starta senior lag-NM svært bra og ligg på 2. plass etter første dag, to slag etter Nordvegen. Arnt Terje og Oddbjørn gjekk sin fourball ni over par (77 slag), medan Torbjørn og Kjartan kunne notere fem over (73).

Det er 3. divisjon som går føre seg på Bjørnefjorden GK i Os utanfor Bergen. Innimellom regna det så vestlands-hissig at spelet blei stoppa ein liten time. Det legg ingen dempar på humøret, for aldri har eit av seniorlaga våre vore nærare eit opprykk. 

For første gong har vi også damelag med i senior lag-NM. Turid/Wenche og Anne Rita/Tutti hadde 90 og 91 slag og ligg som nr. 4 av 5, men kan fort avansere.

For Mandal 2 blei det litt tyngre. Det blei 84 slag for både Rune/Steinar og Sigmund/Inge. 

Søndag er det singel der dei tre beste prestasjonane i kvart lag er teljande. 


Kjartan

 1765