Per Jørgensen Per Jørgensen

Norsk senior golf 11.04.2020

Informasjon om Norsk Seniorgolf/Lagserien

Det er sanneleg spesielle tider vi er inne i. Eg har pleid å sende ut informasjon om Norsk Seniorgolf til alle medlemer i Mandal GK som er 50 år eller eldre.

Føremålet er å reklamere for dei mange gode tilboda NSG har, ikkje minst eit rikhaldig turneringsprogram. I år har jo koronaviruset sørga for at  turneringane er avlyst til langt utpå sommaren, og det er uvisst kva som skjer utover hausten. NSG har i tillegg rabattordningar for medlemer og andre goder som du kan sjekke ut på seniorgolf.no. 

Ein ting som ikkje er avlyst, er lagserien. Den blir ikkje rekna som turnering i vanleg forstand sidan fire og fire spelarar frå to klubbar møtest til match. Det blir jo som å gå i vanlege flightar i ein selskapsrunde. 

Vi er påmeldt med to lag som tidlegare. Turid Røksland er lagleiar for Mandal 1, og eg for Mandal 2. Vi  er i hovudsak inndelt etter geografi slik at Turids lag består av spelarar som bur vest for Mandal, medan "mitt" lag er mandalsfolk og austover.  Vi spelar ein serie med heime- og bortemøte med naboklubbar. To og to møtes til individuell match, og to spelar foursome mot to frå motstandarlaget. Det er ein veldig fin måte å konkurrere på, møte likesinna frå andre klubbar og spele på andre banar enn vår. 

Det ville vere fint om folk som ikkje har vore med tidlegare, melder seg på til meg. Du kan rekne med å spele to-tre matchar per sesong og må ha medlemskap i NSG.  Det kostar 835 kroner i året, og innmeldingsskjema finn du på seniorgolf.no. Det kostar i tillegg ein liten hundrelapp for kontingenten på laget. 

Til dei som har vore med før: Dei som IKKJE kan eller vil vere med i år -- gje beskjed til meg. Dei eg ikkje høyrer noko frå, reknar eg er med også i år. Lagserien byrjar i mai, så fint om folk er litt kjappe med tilbakemeldingar slik at eg setje saman laga og sende ut vidare informasjon. 


Så får vi vone at sesongen blir så bra som den kan. Vi kryssar fingrane!


Beste helsing Kjartan Lavik

lavik.kjartan@gmail.com. Tlf. 913 29 790

 1560