Alf Skagestad Alf Skagestad

Klubb Bane 25.01.2020

Dugnad 1. februar: Nytt 48-utslag på hol 4

Det skjer store ting på hol 4! Laurdag blir det dugnad kl. 10 til 14 på nytt 48-utslag.

Her er arbeidet i gang med skrelle av torv og køyre den bort. Frå venstre Terje Gabrielsen, Karsten Skårdal og Einar Skårdal (foto: Kjartan Lavik)
Her er arbeidet i gang med skrelle av torv og køyre den bort. Frå venstre Terje Gabrielsen, Karsten Skårdal og Einar Skårdal (foto: Kjartan Lavik)
Nye utslag 48 kjem i same høgde som svingen på den nye vegen (foto: Kjartan Lavik)
Nye utslag 48 kjem i same høgde som svingen på den nye vegen (foto: Kjartan Lavik)
Det er teke masse frå ura på oversida og utslag 52, som nå er historie, for å bygge opp nytt 48-utslag (foto: Kjartan Lavik)
Det er teke masse frå ura på oversida og utslag 52, som nå er historie, for å bygge opp nytt 48-utslag (foto: Kjartan Lavik)
Her er arbeidet i gang med skrelle av torv og køyre den bort. Frå venstre Terje Gabrielsen, Karsten Skårdal og Einar Skårdal (foto: Kjartan Lavik) Nye utslag 48 kjem i same høgde som svingen på den nye vegen (foto: Kjartan Lavik) Det er teke masse frå ura på oversida og utslag 52, som nå er historie, for å bygge opp nytt 48-utslag (foto: Kjartan Lavik)

Som mange har sett, er det laga ny veg på hol 4 og gjort klart for nytt utslag 40 (raudt) på oversida av brua. Maskinarbeidet med vegen, unnateke grusing, var gjort tysdag. Same dag dukka det opp ein ide om å heve 48-utslaget ca 1,6 meter i flukt med vegen. Formann Rune Svennevik, og Raymond Tørressen, som er prosjektleier for nye hol 4, tente på tanken. I løpet av onsdag kveld blei resten av styret kontakta og ei tilleggsløyving blei godkjent. Dagen etter stilte Karsten og Einar Skårdal, Terje Gabrielsen og Kjartan Lavik til hasteinnkalt dugndad for å skrelle av, rulle opp og frakte bort torva på utslaget. 

Oppgåva på dugnaden laurdag 1. februar frå kl. 10 til 14 er å legge eit toppdekke av sand og så rulle ut det gamle torva på det nye, heva utslaget. 

Vi vonar mange kan kome på dugnaden. Om du må kome etter 10 eller gå før 14, så er jo det greit. Det er tungt arbeid med torva, og alle hender som kan ta eit tak er velkomne! Ta med kaffe og noko å bite i. 

Det er Rune Svennevik som er dugnadsleiar denne laurdagen. 

   - Kjartan


 1087