Per Jørgensen Per Jørgensen

Klubb Bane 04.12.2019

Det lysnar på hol 4!

Onsdag var ein god arbeidsgjeng i gang og felte tre på hol 4. Laurdag er det dugnad for å brenne all kvisten.

Sjå kor lyst og ope det blir når 10-12 store tre i bekken ved brua er tekne ned!  (foto k lavik)
Sjå kor lyst og ope det blir når 10-12 store tre i bekken ved brua er tekne ned! (foto k lavik)
 Til venstre ser vi ein svær haug kvist som skal brennast. Det er gjort klart ein haug til i skråninga over nåverande utslag. (foto k lavik)
Til venstre ser vi ein svær haug kvist som skal brennast. Det er gjort klart ein haug til i skråninga over nåverande utslag. (foto k lavik)
Sjå kor lyst og ope det blir når 10-12 store tre i bekken ved brua er tekne ned!  (foto k lavik)  Til venstre ser vi ein svær haug kvist som skal brennast. Det er gjort klart ein haug til i skråninga over nåverande utslag. (foto k lavik)

10-12 store tre i bekken ved brua på hol 4 er nå felt. Sjekk biletet og få eit inntrykk av kor lyst og fint det blir! Laurdag kl. 10 til 14 er det dugnad for å rydde og brenne kvist etter alle trea. Dette er ein type arbeid der ein i alle fall ikkje treng å fryse, så vi vonar at mange vil stille. 

Som meldt tidlegare, skal det lagast nytt utslag 40 på hol 4. Det kjem på oversida av nåverande bru. Det blir laga ein ny veg som skal krysse bekken på ny bru på oversida av nytt utslag. Då blir det lettare og tryggare å kome fram for dei som køyrer golfbil, og ikkje minst for banemannskap som skal til fairwayen med klippeutstyr. 

Vel møtt!

Helsing Kjartan, dugnadsansvarleg denne laurdagen

 1923