Norsk senior golf 27.06.2021
Dei vann tre av fire
Turid Røksland og Knut Kvaal Pedersen imponerte med tre klassesigrar kvar i den fire dagar lange Sørlandstour.
Den største prestasjonen av mandalspelarane stod Knut for på Bjaavann søndag då han gjekk banen på 74 slag, to over banens par. Det tilsvarer 44 Stableford-poeng, rett og slett knallsterkt! Knut vann også sin klasse laurdag i Arendal og fredag på Kristiansand. På opningsdagen på Norsk Seniorgolf sin Sørlandstour, på vår bane torsdag, blei den innflytta rogalendingen nr. 4.
Også Turid er i knallform med klassesiger på Bjaavann, Kristiansand og Mandal. I Arendal blei Turid nr 4. Her tok Ivar Gulli ein fin tredjeplass.
Klassesiger blei det også til Britt Andersen på Kristiansand. Her blei Tutti Ericson 5 og Paula O. Pedersen nr 6. Desse tre tok dei tre første plassane i sin klasse i Mandal med Tutti først, så Paula og Britt.
Referenten (Kjartan Lavik) hadde ei kurve som peika nedover med klassesiger i Mandal, så 2. plass, 4. plass og 7. plass.
Sørlandstour premierer også dei beste netto og brutto. Her var ikkje resultata ferdige søndag. Sjekk heimesida til Norsk Seniorgolf - seniorgolf.no.
Laurdag kl. 10 er det kvalifiseringsturnering for NSG sitt NM-lag. Turneringa er open for alle NSG-medlemer, også dei som ikkje har tenkt seg til Kongsberg 14. og 15. august. Påmelding i Golfbox.