Per Jørgensen Per Jørgensen

Klubb Bane 01.12.2019

Dugnad for nytt utslag.

Dugnaden laurdag 7. desember startar kl. 10, og varer til rundt kl. 14.

Fra hull 4 idag  (foto K Lavik)
Fra hull 4 idag (foto K Lavik)
Her skal tee for hull 4 bli (foto K Lavik)
Her skal tee for hull 4 bli (foto K Lavik)
Fra hull 4 idag  (foto K Lavik) Her skal tee for hull 4 bli (foto K Lavik)

Det skal lagast nytt utslag 40 (raudt) på hol fire. Laurdag førstkomande blir det dugnad for å rydde og brenne kvist. Styret i MGK har løyvd 120.000 kroner pluss moms til det nye utslaget, som kjem på oversida av vegen og brua vi bruker i dag. Det blir ny veg og bru på oppsida av det nye utslaget. 

Dei store trea i bekken blir felt denne veka. Så blir jobben på dugnaden laurdag å brenne greiner og kvist slik at det er klart til at gravemaskinene kjem allereie mandag. 

Dugnaden laurdag 7. desember startar kl. 10, og varer til rundt kl. 14. Må du gå tidlegare eller kome seinare, er det ok. Vi er glade for alle som kan stille. 

Som mange har sett, er bru og veg ved pumpehuset nær hol fire også fiksa opp. Det arbeidet har kosta rundt 70.000 kroner pluss moms. Alle får glede av opprustinga av hol fire, men sjølvsagt mest dei som spelar frå utslag 40!

Vel møtt til dugnad!

Helsing Kjartan, dugnadsansvarleg denne laurdagen

 231