Norsk senior golf 15.08.2021
Damelaget på 3. plass.
Damelaget frå Mandal klarte også i år å ta med seg plaketten for 3. plass i Norsk Seniorgolfs lagmeisterskap, 3. divisjon.
Meisterskapet, populært kalla lag-NM, blei denne helga avvikla på ulike banar landet rundt, fordelt over tre divisjonar. I alt har vel 800 spelarar med medlemskap i NSG vore med.
Mandal stilte med tre lag i 3. divisjonspulja som spelte på Kongsberg. Damelaget la seg på 3. plass etter fourball på laurdag. På ein glimrande måte forsvarte laget, med kaptein Turid Røksland i spissen, plassen i søndagens singelspel. Også i fjor klarte laget opprykksplassen, men sa den frå seg for heller å dra på tur saman med gutta.
Mandal 1 låg midt i feltet etter spelet laurdag, og rykka diverre ned ein plass til 10. plass etter søndagens runde. Mandal 2 hadde ikkje heilt glien og endte eit stykke nede på lista over dei 18 deltakande laga.